Slutt å drøyme om eigen kåk

Slutt å drøyme om eigen kåk

Tredje oktober markerar Leieboerforeningen, Boligopprøret og Reduser Husleia den internasjonale leigebuardagen for fyrste gong i Noreg. I denne artikkelen får du vita kvifor du bør vera med på markeringa.

Tekst Anne-Rita Andal

Veit du kva den norske bustadpolitikken går ut på? Ikkje at alle skal eige sin bustad, men at alle skal bu trygt og godt. Dette mantraet har gått igjen hos stort sett alle regjeringsparti sidan andre verdskrig, og det er jo også eit fint og samlande mål. Verktøyet er den såkalla eigarlinja, som gjennomførast med god drahjelp frå viljuge bankar, skattefradrag for huseigarar, sterke interesseorganisasjonar på eigarsida, ein stor porsjon leige-skam, og ein bedriten husleigelov som med sitt elendige oppsigelsesvern skremmer leigebuarar frå å kjempe for sine rettigheiter. Det beste er å berre håpe på eit startlån ein gong i framtida, og sitte stille i båten slik at huseigaren fornyar leigekontrakta ved neste korsveg, uansett kor trasig leiligheten er.

Langt, langt borte så han noe lyse og glitre. Soria Moria slott, maleri av Theodor Kittelsen (1900).
Kilde: Wikipedia.

For kven av oss som leiger til marknadspris i Oslo har vel moglegheit til å spare opp til eigen bustad? Og bur eigentleg leigebuarar trygt og godt, når vi må fornye kontraktene kvart tredje år, og dermed «konkurrere om egen bolig», som leiar i Forbrukerrådet Inger Lise Blyverket så presist kalla det nyleg på Debatten på NRK?

FN1 slår fast at ein adekvat bustad inneber både overkommelege buutgifter, rimeleg avstand til arbeidsplass, og fridom til sjølv å velge kor lenge du skal bli buande. Dette er grunnleggjande behov som dei fleste av oss i Noreg får dekkja berre ved å være bustadeigarar. Men kva med den millionen nordmenn som leiger bustad? Vi blir fortalt at vi er mislukka som ikkje har kome oss inn på bustadmarknaden, og vi skammar oss.

«Jeg bare leier», høyrde eg ei småbarnsmor på Nordstrand nærast kviskre til ein kjenning som spurde kor i nabolaget ho budde. Ho var avslørt.

SSB2 har også avslørt interessante aspekt ved det å leige. I ei ny undersøkjing kan vi lese at leigebuarar i større grad enn bustadeigarar kjenner seg mindre nøgde med livet, har mindre tilhøyrigheit i nabolaget, og opplever større grad av økonomiske vanskar. Høna og egget, kanskje. Men eg er viljug til å vedde husleiga mi på at det er dei strukturelle rammene i den rævva leigesektoren som er rota til ein del av det kjipe som skjer i liva til mange av oss som leiger.

Men heldigvis har staten og dei lagt planer for oss. Vi skal nemleg alle bli bustadeigarar. OBOS og Oslo kommune og stortingsfleirtalet skal hjelpe meg over dørterskelen til ein heim som berre er min. Eller, strengt tatt banken sin. Men det treng vi ikkje å fokusere på. Ei heller på framtidige rentehopp, fare for bustadboble og det at vi kanskje må flytte til Ytre Enebakk for å oppnå draumen om eigen bustad. Berre vi kjem oss over i Det Store Vi, og kan melde oss inn i Huseiernes Landsforbund. Det er det viktigste.

Eg er viljug til å vedde husleiga mi på at det er dei strukturelle rammene i den rævva leigesektoren som er rota til ein del av det kjipe som skjer i liva til mange av oss som leiger.

Nokre av oss ropar på ein ikkje-kommersiell leigesektor. Då blir vi møtt av eigarlinjas portvoktarar, som i Dagsnytt Atten kan fortelje oss at slike tiltak fører til korrupsjon og fattigdomsfeller. Vi vil vel ikkje tilbake til tidene då pengar under bordet florerte? Denne argumentasjonen er fascinerande effektiv. For ingen etterspør dokumentasjon på at pengar under bordet var vanleg før nyliberalismen overtok den norske bustadpolitikken på åttitalet, eller korleis det å bu i ein ikkje-kommersiell leigebustad med rimeleg husleige og langsiktig leigekontrakt kan føre til fattigdom.

Dei dårlege tidene er på veg. Dei er jo eigentleg her allereie, med straumkrise og vaniljekremkrise og matvarekrise. Og verre skal det bli. Er det verkeleg ein god ide å pushe astronomiske bustadlån på leigebuarar med låg eigenkapital, eller fins det fleire løysingar?

Vi må byrje å snakke om leigepolitikk i Noreg. Vi treng ein ikkje-kommersiell leigesektor som kan konkurrere med private og kommersielle utleigarar. Vi treng ein ny husleigelov som skapar ei rettferdig ramme for leigebuarar, i tråd med den overordna bustadpolitikken. Og ikkje minst, ein verdig kommunal leigesektor som gir bustabilitet og trygg økonomi for dei mest sårbare leigebuarane.

Men korleis skaper vi denne endringa? Skulda for elenda plasserar vi hos dei folkevalgte, som har svikta leigebuarane i førti år – minst. Hvis nokon burde ha leigeskam, så er det dei. Men vi som leiger bustad må også gjere noko med problemet. Leigebuarar må slutte å definere seg som framtidige bustadeigarar, og organisere seg.

I dag er rundt ein prosent av norske leigebuarar organiserte. Til samanlikning er organisasjonsgraden for arbeidstakarar på femti prosent, og det norske arbeidslivet er til tross for sine feil og manglar, gjennomregulert og politisk prioritert som den velferdspilaren det er.

Tredje oktober markerar Leieboerforeningen, Boligopprøret og Reduser Husleia den internasjonale leigebuardagen for fyrste gong i Noreg. Det blir ein dag fylt med bustadpolitikk og aktivisme for ein betre leigesektor. Vi sjåast då, og så tar vi det derfra.


Anne-Rita Andal er avdelingsleder for bomiljø i Leieboerforeningen. Leieboerforeningen (LbF) ble stiftet i 1933 og er en ikke-kommersiell medlems- og interesseorganisasjon for leieboere i Norge.


Noter
1) FS21_rev_1_Housing_en.pdf (ohchr.org)
2) Leietakere mindre fornøyd med livet (ssb.no)

Torggata Blad er et kompromissløst uavhengig blad og nettmagasin – en humoristisk, systemkritisk og informativ utgivelse som sparker til venstre og høyre, oppover og nedover og midt i balla.

Pr. 2023 er Torggata Blad et forum for en fargerik forsamling av bidragsytere med varierende interesser og orientering. Det er en rar og forhåpentligvis skjærende stemme i koret av norske magasinutgivelser.

Torggata Blad ble grunnlagt i 2007 av
Bror Wyller (forfatter og lege)

Torggata Blad er støttet av: