Tekst og tegning Anita Cumbes Pedersen
Mørkets veldige vegger
velter all von
Der ljosgløtt kurrer nesten som eit mantra
og spriker med hender for å gripe ei bøn
Det haster!
Tida er ikkje
Tida sluker heile verda. Tru. Von. Alt
Men Alt er berre ord
Ljosgløtta …. Kva med dei?
Mørket og ljoset avheng av kvarandre
Berre tida skil dei, trur eg
Skiljet er uklart, blenda
i overgang mellom tid og nesten
Ein av dei overtar, tida kjem i møte
Buken lyfter seg
og sukker slagget ut med open munn
Pusten kan bli skiljet verda sårt lever på