BOIKOTT ISRAEL!

Mater Europa – under vegs

Tekst Ole Harald Dahl Foto: Mali Almå

1
På heimveg?

Medan han sat heime i stova, kor snøen samla seg på vassbrettet, kor snøen steig oppetter og la seg inn mot glasrutene, då fell han stundom inn i eigen hug. Han såg likevel ut gjennom glaset, såg bort i skogholtet, der kor vintergrått vattenos ifrå bekken, steig opp bakom trea, og då, medan han sat slik – då kom han stundom til å hugse. Då fekk han erindringar. Då hugsa han kva ho fortalte han.
Ofte sit han einsam og då hugsar han kva ho tenkte på, då ho fortalte om tankane og draumane som ho bar på, – tankane om samfunnet som ho var komen til, – tankane om Europa.

Ho hadde reist langt og reisa hadde kosta. Ho søkte noko anna og noko meir enn det Europa ho kjende ifrå dei andre sine leppar, der heime. Mange ynskte seg til Europa, dei drøymde om eit liv i Europa, men for dei fleste blei det med draum og ynskje. Det fordra mot og handlingskraft, um ein verkeleg skulle klare å koma seg dit. Dei der heime dei drøymde mest berre um pengar, um velstand og eit liv i luksus, når dei drøymde um Europa.
– Men slik e’kkje Europa, sa ho. – Kanskje for nokon, men det gjekk um noko anna då ho blei fanga inn av draumar og lengsel, medan dei sat i lag på kafeen heime i Benin City, fortalte ho au. – Ei heller søkte ho det Europa som ho visste at asiatane søkte, eller det Europa dei søkte dei som kom ifrå Midt-Austen, frå Aust-Afrika eller frå dei latinsk-talande landa i vest. Ho, ho kom ifrå det ein gong så stolte og velståande, det ein gong vidgjetne men framleis stolte EDO-folkets region.
Ja, sjølv om ho var ein vest-afrikanar, meinte ho seg å vera mest nærståande til russarane og til deira oppleving av Europa, slik ho såg det og slik ho sa seg det. Ho kjende seg mest som var ho i slekt med den løyndomsfulle tanken, med den ideen russarane har for eit framtidas Europa, der dei andres naud og lidingar trer fram for ein kvar som var det deira eiga naud og liding, – som var eller er det oppgåver einkvar kan kjenne seg tiltala av.

Dette syntest ho at au enkelte andre vest-afrikanarar prata på at dei au meinte å ha sett eller opplevd kimen til, stundom mange, – «eit slikt framtidas Europa, som berre russarane kan veta å legge til rette for, – russarane og kanskje au ukrainarane, dei slaviske folka i aust», – ja, det syntest ho å merke på seg at au mange av dei andre ifrå det landet der ho kom ifrå, i frå Nigeria, bar på, – ja, når dei sat i lag og såg på bilete frå den russiske kunsten og kulturen, når det høvde seg slik at dei kunne sjå på slike bilete ifrå gatene i det gamle Petersburg eller au bilete inne ifrå kyrkjene og dei maktfulle bygnadane på Kreml-høgda i Moskva, – ja, når dei til dømes sat i lag heime i kroa si i Benin City, og såg på slike bilæte, – då var det fleire som opplevde det slik.
I saman hadde ho og han sett på fotos av bygningar og bilete ifrå nettopp Petersburg og Moskva. – Ja, ho søkte russaranes Europa, ho, – dei tysktalandes au, kanskje, stundom renessansens Italia, dei gamle grekaranes ansporing av ein europeisk kultur, – og kanskje au Nordens Europa, der ho jo var nett no, ja, det stillsame og naturnære i Nord, kor folket der kan lære andre å lytte, lytte seg inn i naturen, men au i andre menneskje og i andre sine situasjonar, – likevel var det framfor alt russaranes Europa ho søkte.

Den gongen då ho reiste, for tjuge år sidan, då visste ho at det ein dag ville kome ein stor og gild russisk ambassade i Nigeria, då truleg i den nye hovudstaden Abudja, ein syntetisk by ute i ørkenen midt i landet, kor myndigheitene søkte å sameine den muslimske delen av landets folk, dei som kom ifrå nordaust, med den kristne delen ifrå sydvest, – ein ambassade kor russarane sin kunst og kompetanse, deira evne til nyskapande samspel kor dei andres behov ville kunne kome i sentrum, i alle fall litt etter kvart, – ein ambassade der dette ville kunne gjera seg gjeldande og kome til utfalding. Det trudde ho på, den gongen, og no, no var den ambassaden etablera, nett no. Ho var slett ikkje redd for dei, russarane, jamvel dei var eit framandfolk. Dei kom ifrå eit stort land, men aldri hadde dei angripe noko anna land eller folk. Stundom hadde dei vorte tvinga til å forsvare seg, men angripe hadde dei aldri gjort. Dei kom ifrå eit rikt og stort land, russarane, og var nøgde med det dei hadde.
– Dei ventar på noko som høyrer framtida til, sa ho, – ein annan og ny mentalitet.

Medan ho sat slik og tenkte høgt der inne i den varme stova oppe i Brunkeberg i Vesttelemark, ja, medan ho sat i lag med denne karen ho var blitt kjent med derifrå, sat der heime i stova hans, då trilla det stundom ut or ho det eine og det andre. Han lydde og blei einskilde gonger mest som bergteken, når det trilla slik ut or ho.

– Europa er ikkje berre ein stad, sa ho framfor seg, der inne i stova, heime hjå han, medan ho tenkte høgt. – Europa er ikkje berre ein verdsdel, ein geografisk definisjon, eit nes lengst ute mot vest på det store euroasiatiske kontinentet! Europa er også ein idé! Europa er ei moglegheit, – ei moglegheit i menneskeslektas lange soge, sa ho.
Han høyrde med store øyrer, der han sat. Han tidde fullstendig inne i seg og lydde til ho, – lydde slik at han kom inn i kvar einskild del av kva ho ville seie, – slik at han kom inn i kvar einaste nyanse av kva ho hadde på hjartet.

– Europa er ei moglegheit i menneskjas eigne hender, ein «slow event», ein arena for ein radikal evolusjonsidé, – slik forstod han ho. – Europa er ein prosess og ein slik kan anta eit utal av kledningar og gå i eit utal av retningar. Europa er ein stad i himmelen, Europa er ein stad på jorda og også ein stad i helvetet! – Europa er ein kamparena, der det vedvarande står eit slag um mennesket, – um framtidas menneske. Europa er staden der det vil avgjerast kva slags menneskeslekt me vil predestinera eller gjera oss sjølve til, – for framtida!

Han høyrde ho tenke slike tankar, der ho stundom gjekk bort til kaminen og memorera og småprata med seg sjølv, – der inne i den store og staselege tømmerstova hans. Han kunne ikkje sjå kor dei kom ifrå, desse tankane eller syna som ho hadde, og heller ikkje kunne han sjå kor ho var på veg med detta, men han høyrde kva ho fortalde. Han høyrde tankane og kjenslene hennar au, der ho var på veg, der ho på eit vis var vedvarande under vegs, – medan ho nett no sat der inne i stova hans og tenkte høgt, eller ho rusla for ei lita beite bort-til den svære, varmande ovnen, samstundes som ho såg ut gjennom glaset.

Ho kunne knapt skrive, ho som knapt hadde gått i skule, og au hadde vøri litt vill og galen i barndomsåra, men lese hadde ho lært seg. Og ho hadde lært seg språket der nord ved å lytte, – lytte og gjenta, lytte og gjenta. Slik hadde så vel ordtilfang, setningsføring og intonasjon vorte som om ho var ein innfødd. Ho lærte på barns vis, men ho lærte. Og ho var ikkje nådig med dei som ikkje ville, som ikkje ville læra språket og soleis ikkje knytte seg til. – Nei, i den stillsame men samstundes arbeidsame hugen hennar var ho ikkje nådig med dei som ikkje søkte, som ikkje ein gong prøvde og altså ikkje ville knytte seg til. – Det bør ikkje kome på trykk, kva ho sa om slike, idet ho gjekk attende ifrå den varme ovnen og satte seg ned att i sofaen attmed han.

Stundom skamma ho seg over sitt Afrika, slik mange av medafrikanarane hennar drog med seg ei form for unnvikande vilje, der dei berre ville hauste av velstandsfruktene i Europa.
Sjølv hadde ho gjort det likt som i Noreg, då ho var i Italia, dei åra ho budde der, og så i Tyskland, dei åra ho hadde budd der, inntil ho blei tysk statsborgar. – Ho lydde og gjentok, lydde og gjentok stillsamt, slik at ingen skulle sjå korleis ho øvde og trena seg som var ho ein liten unge. Men ho lærte. No kunne ho røda engelsk som ho hadde med seg ifrå Afrika, ho kunne italiensk, ho kunne tysk flytande og ho kunne norsk. – Og enno var ho ikkje meir enn 45 år. Kanskje ville ho ein gong au kunna få nokre år i Russland og verta som ei halvsyster til afrorussaren Alexander Pusjkin? … og um ho då berre øvde, som på barns vis, der au, – øvde slik at ho nærast vart som ein innfødd, der, ja, nesten som ein innfødd i Russland, som ein innfødd russar? – Då ville ho seie seg nøgd. Då ville ho kunne seie at ho kjende seg som ein riktig europear. – Og ho las no, fleire språk. Ho las som ein hungrande og tok att noko av det ho ikkje hadde kome i berøring med dei fyrste 30 åra. Då ho oppdaga dei moglegheitane som ein smart-phone ga ho, då blei ho mest som fortrylla, og las og las …

– Europa er ingen lukka anstalt, heldt ho fram refleksjonane sine, der ho no hadde satt seg ned attmed han, i sofaen, samstundes som dei båe to kunne sjå at myrkret la seg bortetter i skogen, utfor vindaugsglaset.
– Og samstundes er Europa heller ikkje eit prosjekt som kan la seg underminera av invaderande intensjonar, og anta karakter av ein svak, ein manipulera eller eit utvatna sjølvmedvit. Europa har ikkje råd til å springe lekk lik ein båt med ein tørr og sprukken kjøl. Europa har ikkje råd til det på menneskeslektas vegne. – Europa er eit fartyg i menneskeslekta si historie.
Ja, slik forstod ho Europa.
– Det er eit land, ein verdsdel og eit landskap med mangfaldige variasjonar, ein verdsdel kor landa og dets bebuarar står i ferd med å opparbeida seg ein humanistisk kapital som heile menneskeslekta kan eller må trekkje vekslar på i framtida, – langt innover i framtida, om ikkje me europearar, som ho no namnga seg sjølv, trass i hudfargen og auraen frå det stolte og sterke EDO-folket, som han au merkte på ho, der dei sat, – om ikkje me europearar skal ende opp som karikaturar av oss sjølve og av urbileta våre. Det dreier seg om «korleis me vel å vera til stades i våre eigne liv», som den norske tenkar-poeten Stein Mehren (1935–2017) sa det i 1994, i kampen for å hindra Noregs tilslutning til EU. – Ho las og ho lydde meir enn gjerne til dei norske diktarane. Stein Mehren hadde vorte til ein kjærleik for ho. Gamle avis-innlegg frå EU-debatten hadde ho au stukke nasen inn i.
– Europa er den plassen der mangt vil avgjerast, for tusener av år, understreka ho. – Og samstundes kan det likevel vera grunn til å spørje, endå ein gong: Kva er Europa? Kva er det som går føre seg her, – i Europa? Kor hen vil me føre oss sjølve, me som bur her, på dette neset ytst ute mot vest på det gigantiske euro-asiatiske kontinentet? Det er eit spørsmål som berre kan få sitt svar i kraft av kva me sjølve gjer ut av våre liv, – me som har søkt oss til Europa, – kva vi gjer ut av oss sjølve og av dei liva som me lever, kvar einaste ein av oss som lever, bur og arbeider her.

Ho gjekk ikkje vidare med tenkinga si. Ho vart stillsam, der ho sat, så nær, så nær, hugsa han. Ja, slik hugsa han ho, au som ei nær, ei særs nær, medan erindringane kom opp og fylte hugen i hovudet hans, medan han framleis sat der i stova nesten som um han framleis sat i lag med ho, – medan han sat der og såg på snømengdene som vaks ute på vassbrettet, – og samstundes au hugsa kva for eit fehovud og ein stutgubbe han hadde gjort seg te’ – i lag med ho. Han hadde alt, – stort hus og hytte ved havet, ny Volvo og pengar på konto. Ho hadde ikkje mykje meir enn det som ho stod og gjekk i. Ho kunne bære seg sjølve, og no var ho kome heim til han og han såg ikkje, ikkje den gongen, at han nærast førde seg som var han ein kolonialist ifrå ei anna tid.

2
Mogning …          

Ho stoppa upp ein morgon, medan ho var under vegs te’ arbeidet på alders- og sjukeheimen nede i byen, inst inne attmed fjorden, – der ho gjekk igjennom skogen på denna sagnomsuste plassen, noko i utkanten av sjølve byen. Og der, der blei ho ståande ei beite, ståande heilt i ro og berre sjå, – sjå og lye, ståande på ein av dei mjuke fotefara der inne i skogen. Ho blei ståande der og sjå på dei tjukke og raudbrune furustammane, der dei raga upp på båe sider av fotefaret, med ei og anna gran og ei og anna bjørk innimillom. Ho blei ståande der og sjå på dei tjukke og kraftige, de solide og nærast gigantiske furustammane med deira store kroner som falda seg ut høgt der uppe, høgt yvi hovudet hennar. Ho blei ståande og sjå på den næraste, som au var den største – ei furustamme med ein tykk og ru bark som skinte raudbrunt i morgonljoset. Treet stod der så stolt og monumentalt som var det eit bilete på noko evigvarende. Ho såg, ho såg noko veldig, noko nærast uangripeleg, noko mektig som knapt kunne seiast ut og som knapt kunne sårast eller skadast. Slik upplevde ho den, den digre og monumentale furua, til tross for at ho hadde sett hogst, flathogst sogar, uppetter bygdene i Telemark, og fylgjeleg visste ho kva ein mann med ei motorsag kan gjera – på nokre minuttar.

Der stod ho og såg og såg … stod der på eit av de mjuke fotefara inne i Klosterskogen.

Ho ga seg alltid god tid på vegen til arbeidet, særlig um morgenen, når ho skulle på dagvakt, og mens ho stod der og beundra dei mektige furustammene i morgonljoset, og særlig den eine, den som både var kraftigare, tjukkare og høgare enn alle dei andre der ikring, den som lot til å rage noko upp yvi resten av skogen – samstundes som ho kjende den mjuke og venlege skogbotnen under føtene, korleis det mjuke og venlege der nede i mulda umslutta ho, medan ho stod der – ja, da var det noko som slutta seg um ho, der ho stod, og dette som slik slutta seg um ho, det vekte forunderleg nok kjære og edle kjensler i ho, medan ho stod der. Detta hadde ho au upplevd andre gonger, når hun gjekk roleg på dei smale fotvegane der inne i skogen, og medan ho stod der, denne morgonen, betraktende, nesten sjølvforglemmande, gjeve hen til kva ho trudde var den høgaste og mektigaste av dei alle, av alle furuene der inne i skogen, ja, ho trodde at ho kjente dei alle, nesten som var dei hennar vener, hennar nære og personlige vener, alle furuane – og det gjekk berre nokre augneblink frå ho stoppa der på stien til ho nærast gløymde burt seg sjølve og den situasjonen ho befann seg inne i og ho blei stannande, blei bærre stannande og sjå, nesten så ho gløymde seg sjølv. Det mektige og nærast evigvarande, det majestetisk upphøgde og uangripelege som furustammen representera, dette aktivera den au i ho, som om den eller det au var ein del av ho.

Hun kjende korleis den gamle furustammen var forankra i jorda, der dei stod båe to, ho kjende stammens tryggleik, dens veldige ro og tyngde, og samstundes au dens kraftfulle reisning i seg, som var ho ein del av furua og skogen, og som var skogen og denne svære furua au ein del av ho.

Men ho kjende au sårbarheita, slik ho visste at sjølv denne svære furua ville kunne falle til jorda for ein manns inngrep. Ho kjende den, sjølv om ho i all hovudsak upplevde seg godt forankra i den mulda som dei båe stod i og på, og som ho sjølv au utgjorde. Ho hadde erfaring med sårbarheita, så vel i det personlege kjærleikslivet som i hennar tilhøve til Europa. Ja, meir enn ein gong hadde det komi til å stelle seg slik at det var som um det var ei motorsag ho var blitt reve sund av.

                                                                     * 

Det var ein mann, den eine gongen. Ho var forelska, forelska som aldri før og heller ikkje sidan. Men han såra ho, såra ho så ho knapt kunne stå på føtene, utilsikta rett nok, men allikevel eit sår som frakjende han all den lit og kjærleik ho ein gong ville sette seg inn for, slik at den kunne gje seg og verta så vel han til del som dei båe ilag.  

Og Europa, Europa som ho elska og akta, hadde nok ein gong vorte te’ ein krigsplass. Korleis hadde det kunne bli slik?

Europa, ein moglegheit i menneskeslekta si lange soge. Europa, gjentok ho nok ein gong for seg sjølve. – Europa er ikkje berre eit nes lengst ute mot vest på det digre euro-asiatiske kontinentet, sa ho framfor seg, medan ho stod der på det mjuke fotefaret inne i Klosterskogen, innunder Solumsåsen, kor ho hadde funne seg både arbeid og bustad. Ho arbeidde på alders- og sjukeheimen, og stundom tok ho au nokre vakter på ein av dei psykiatriske akuttavdelingane ved fylkessjukehuset, nede ved Faret, som åi heiter der, og plassen au, kor farande folk i gamal tid blei rodd yvi åi. – Nei, Europa er ikkje berre ein verdsdel, ein geografisk definisjon, eit nes lengst ute mot vest på det store euro-asiatiske kontinentet! Europa er også ein idé! Europa er ei moglegheit, ei moglegheit i menneskjas eigne hender, gjentok ho. – Ein «slow event», arena for ein radikal evolusjonsidé, men ein prosess som kan anta eit utal av kledningar og eit utal av retningar. Europa er ein stad i himmelen, Europa er ein stad på jorda og Europa er også ein stad i helvetet! Europa er ein kamparena, der det vedvarande står eit slag um menneskjet, eit vedvarande slag um den kulturen og det menneskjet som skal høyre framtida til. Europa er staden der det vil avgjerast kva slags menneskeslekt me vil predestinera eller gjera oss sjølve til, for framtida! Slik såg ho Europa og slik gjentok ho detta for seg sjølv, og stundom au for andre. 

– Men det er ikkje heilt slik her som eg trudde den gongen då eg sat heime i Afrika i lag med vener og kjente. Europa er noko anna og noko meir enn kva vi trudde og drøymde um, der, heime i Benin City, den gongen. Eg trudde det skulle verta greitt å kome til Russland og Moskva. Og det var det jo au den gongen då eg kom til Europa for 20 år sidan, dersom ein berre blei kjend med nokon derifrå. Men no, no er det ikkje slik, meir. Noko anna enn ei gledesfyld og venskapeleg utveksling har meldt seg, har markera seg og tatt grep, så vel på den ytre arena som inne i menneskja, i hug og kjensler.  

Det lydde eit sus yvi ho. Ho lydde til vinden og vende blikket upp imot trekronene, kor ho såg at vinden pusta livlege rørsler inn i greinar og kroner. Dei svingde på seg høgt der uppe. Den fòr gjennom skogen, vinden, som var det mange den ville nå og vekkje ifrå erindringar og tankar, som var det mange den ville vekkje ifrå hugen sitt grep, denne morgenen, slik at dei i staden kunne sjå og lye, og slik få del i den naturen som dei alle var ein del av, slik at dei kunne kjenne gleda ved å vera ein del av den.    

Langsamt senkte ho blikket. Haka sank nok ein gong ned mot brystet hennar igjen, der ho stod på stien, hylla inn i morgensol og ein vind som herska høgt der uppe, yvi ho, høgst uppe i furukronene. 

Ho åpna nok ein gong augene og svant ut av den gamle smerten som ho hadde vøri fanga inn av for nokre augneblinkar sidan – den personlege kjærleikssoga som ho helst ikkje ville tenke noko meire på. I det ho igjen såg seg ikring, blei hun ståande ei beite og sjå upp mot alders- og sjukeheimen, sjå upp dit kor ho visste at ho så vel var venta som behøvd, og ho la i veg, men langsamt, langsamt, for ho visste at ho hadde god tid, og då kom ho au til å kaste eit blikk ned mot Faret og dei psykiatriske akuttavdelingane. Nok ei smerte steig upp i ho. Der, der nede attmed åi, der hadde den gamle gleda hennar, gleda øver Europa, kor ho no au hadde vorte ein deltakar, der nede hadde den gamle gleda vorte te’ si motsetning. Ei motsetning til korleis korleis ho såg på detta prosjektet tidlegare. Men ho hadde ikkje gitt upp den trua ho hadde på Europa, ho hadde ikkje det, men …

                                                                 *

Medan ho gjekk noko sorgtung der inne i den glisne skogen kor ho hadde utsyn ned mot åi og Gjælevatnet, så lyfta ho nok ein gong blikket, lyfta det ifrå hennar eige bryst og såg uppetter Bakkane, såg nok ein gong upp mot alders- og sjukeheimen der den låg innunder Varpet, samstundes som ho au kasta nok eit blikk ned mot åi og Faret, og då, då blei ho fyld av ei smertsam kjensle. Det steig fram ei fortviling i ho, ei fortviling som ho hadde kjend på og stundom kjempa med i nokre veker, nei, i nokre månader, no.

Dei var hyggelege der uppe, framom ho, der innunder Varpet, dei som arbeidde der, og bebuarane au, og slektningane deira, som ho i blant kom i befatning med, ja, dei var ofte særs takksame for det som dei ansatte på heimen gjorde for dei gamle og sjuke, og nede på Faret, på akutten, der var dei au hyggelege, ja, au pasientane der nede på Faret, i alle fall dei fleste. Sjølv um ho var ei svart dame, ifrå Afrika, så blei ho tatt godt imot, så vel der uppe som der nede, og i mangt syntest ho sjølve au att ho fekk gjort nytte for seg, stundom fekk ho gjort rett så mykje, og au samstundes med at ho kjende seg rett godt nærværande, samstundes som ho var nærværande som ingen andre av dei ansatte der på heimen, noko ho ikkje sa seg sjølve, men slik var det. Ho hadde ein sjeldan arbeidskapasitet, som det heiter på moderne norsk, i hop med eit usedvanleg nærvær, ei evne til å lye seg inn og samstundes ei stillsam og sterk glede ved det sanselege nærværet.

Stundom fell ikkje akutt-pasientane nede på Faret til ro. Då kunne dei kome til å la mykje skit renne ut or kjeften deira, men nesten kvar einaste gong, når ho blei satt til å vera fastvakt, då fell dei til ro. Fastvakt på aggressive og psykotiske karar blei sjeldan sett på som kvinnfolkarbeid, men dersom ho kom inn på eit slikt rom, då fell dei til ro, mest kvar einaste gong, og skiten som rann ut or kjeften på dei, den stanna. Den fortsatte ikkje å renne. Det var ikkje berre musklar og lekamens storleik det gjekk um, inne på slike skjermingsrom.

Ho trudde på menneskja, på det som kan gje seg menneskja imellom, dersom ein ser og lyer, dersom ein interesserar seg for det som liver eit dulgt, stundom fortrengd og uuttala liv i ein annen, i ein person, stundom au i ein situasjon, sjølv um det mest berre er skit og faenskap som ytrar seg, ja, så lydde ho seg inn. Medan ho sat der, inne på eit slikt skjermingsrom, og var heilt til stades i den praktiske situasjonen, då, medan ho sat slik, fyld av si eiga, indre stille, då lydde ho seg inn, inn i situasjonen og i den som måtte vera skjerma ifrå andre menneskje, ifrå andre personale og pasientar. Og ho trudde ikkje så mykje på det som dei fagansatte beteikna som nødvendig, psykofarmaka som dei kalla det, som det heiter seg å vera, og korleis slike medel eller medisinar skulle kunne gjera ein hissig kar med ein fæl skitkjeft roleg og harmonisk att. Nei, ho trudde ikkje så mykje på det.

Stundom, i akutte situasjonar, då kan det vera naudsynt å ty til slikt, sa ho seg, ja, truleg er det nødvendig i blant, med slike piller eller sprøyter, for ei lita beite, nokre dagar, kanskje ei veke eller to, i blant, men ho hadde knapt sett eit einaste høve kor lang tids bruk hadde gjort godt.  

I mangt var det det same ho kjende på når ho arbeidde der uppe på heimen som nede på den psykiatriske akutt-avdelinga, kor ho i blant hadde ei og anna vakt. Menneskja trudde ikkje lenger på dei andre menneskja, på det sunne i dei andre menneskja, på det som ikkje blir burte, men som kan verta tildekt av anna i vanskelege situasjonar! Dei såg knapt på den andre og dei lya seg sjeldan inn i den eller det som dei stod overfor. Slik såg ho at kollegaene såg eller altså ikkje såg.     

 – Menneskja har vorte bundne fast inne i hug og hovud, sa ho seg. – Dei liver inne i tankar, i begrep og forestillingar, i erindringar og diagnostiske forståingar. Og ikkje minst liver dei inne i noko som minner om ei religiøs tru på dei kjemiske preparata, på dei medisinane som dei har te’ disposisjon. Dei trur på hjernen og dei kjemiske prosessane som utspelar seg der. Dei trur seg mest å vera som Gud, der dei er gripne av hybris, som dei gamle grekarane sa det, idet dei vil regulere kva som gjeng for seg av kjemiske prosessar inne i eit anna menneskje sin hjerne, og derigjennom vil dei regulere det andre mennesket til å verta slik som dei meiner at det høver seg for det andre mennesket å vera. Og denna hybrisen har kanskje au eit snev av psykopati i seg, kanskje ikkje så reint lite?

Ho nærma seg den asfaltera vegen, bilvegen, i enden av den glisne skogen, og der blei ho au ståande ei beite, medan ho såg uppetter Bakkane. Morgontrafikken gjekk, ikkje berre i to, men i fire retningar, i vegkrossen rett framum ho, og ho visste, der nede, til høgre, der ligg og der låg au i gamal tid, det gamle faret, kor det budde rorskarar med pram, ein gong, gjennom århundrar budde og arbeidde slike karar der. På ein gamal gard, der.
Arkeologane hadde funne hundrevis av kokegroper i grunnen ute på åkrane, og ikring bygningane, der kor akuttavdelingane no låg, men no var det mest berre doktorar og sjukepleiarar med skåpet fullt av piller og sprøyter som held hus der ikring, ned mot åi, der ved Gjælevatnet, nedved den gamle Kanalen og au noko uppetter, upp mot den årtusengamle og digre gravrøysa, større enn Keopspyramiden, slike røyser som ho hadde lese Marja Gimbutas fortel um, upp mot Vindalsåsen som røysa heiter, no, kor det var bygd moderne hus uppetter i dei seinare tiåra.

Medan ho stod der attmed vegen, attmed vegkrossen og den susande og durande biltrafikken, ja, medan ho stod der, då kom ho i tankar um den gamle dama som ho ofte fekk ansvar for, den gamle dama som ho hadde vorte ekstra godt kjend med der uppe på heimen, kor ho no var på veg, gamla som ho ofte fekk ansvar for når ho hadde ein arbeidsdag der. Ho ensa ikkje biltafikken, der ho stod. Ho lot den berre gå, gå i så vel den eine som den andre retninga. Ho berre stod der og kjende seg på eit vis rett så heime, nett der ho stod, samstundes som ho au kjende seg rett så uppkava og fortvila.  

Det var ikkje berre slik som ho trudde og meinte at det skulle vera, der ho no var, i Europa.

Ho hadde ein sjukdom som heitte parkinson, den gamle dama, noko som sjukepleiarane ga ho sterke medisinar mot, slik at denne skjelvinga ikkje skulle gjera ho heilt utilpass. I mange år hadde doktoren hennar au gjett ho sovepiller, og stadig sterkare piller og fleire piller, slik at ho skulle verta trygg på å falle i svevn, medan ho kraup innunder dyna si. Livet hadde gjort ho noko introvert i alderdomen, og doktoren meinte då at ho au trengde te’ noko antidepressiva, og slik gjekk det te’ att ho au fekk det. I fleire år hadde ho teke slike. Det skulle gjera så godt, blei det sagt. Stundom fekk ho dessverre au symptom på betennelse i urinblæra, urinvegane og i nyrene, og for å unngå at slik betennelse skulle få moglegheit te’ å bløme upp og breie seg og kanskje au sette seg, så blei ho regelmessig satt på antibiotikakurar. Og ho som stundom hadde upplevd livet noko smertefullt dei seinare åra, då mannen hennar ikkje viste vilje te’ å taka vare på seg sjølve og tok kvelden nokså tidleg, ho hadde upplevd at det då tok til ei smerte i ho og denne smerta tok ikkje dei antidepressive pillene vekk. Slik skal ein jo helst ikkje ha det, ikkje i Noreg i alle fall, ikkje no til dags, så då hadde lækjarane der på heimen kome fram til at ho truleg kunne ha nytte av små doser med morfin kvar morgon. Då blei ho avspend og kjende ikkje på dei smertene som livet hadde mana fram i ho.

Det vil gjera sitt til at dei psykiske smertene ikkje får slikt tak i kropp og psyke, som dei ellers vil kunne få, sa dei til ho. Det siste året hadde ho fått litt morfin kvar morgon.   

Medisin gjer godt, sa alltid sjukepleiaren, når ho kom med medisinbrettet. Mang ein gong hadde ho Sonja høyrd nettopp det sagt, medan ho sat der inne på rommet hjå gamla og sjukepleiaren då kom på runden for medisinutdeling, stundom om morgonen, enkelte gonger på ettermiddagen og nokre gonger au um kveldane. Ja, Sonja arbeidde der nesten like mykje som ein fast ansatt i full stilling.

 – Ho er sterk den gamle kjæringi, sa ho Sonja seg, der ho stod attmed den trafikkera vegen og vegkrossen, kor bilane fòr i fire retningar, – ja, medan ho stod der og tenkte på gamla.

 Men eit gamalt lekam kan ikkje og vil ikkje vera i stand te’ å bera og gjera seg nytte av slike mengder med psykofarmaka, gjennom månader og år og atter nye år, sa ho seg au, samstundes som ho erindra korleis gamla hadde skrumpa i hop dei siste månadene.

Utan ei einaste pille trur eg ho kunne blitt hundre år, denna, og kanskje au meir enn det. Men no blir ho medisinera til kva lækjarane seie skal verta ein lykkeleg slut, noko fjern og tiltakslaus der ho sit, i ein alder av 85 år. Ho kan ikkje ha mange månadene att?

Ho Sonja gjekk yvi te’ andre sida av vegen og satte seg på ein benk, der, au attmed vegen og biltrafikken, men no kunne ho sitte på ein benk innved busshaldeplassen på den sida av vegkrossen, og der, der blei ho sittande ei lita beite, sittande og lese på smart-telefonen, sjå på nyheter ifrå denna morgonen, før ho ville ta fatt på Bakkane uppetter, upp imot den urgamle plassen Varpet, kor alders- og sjukeheimen låg eit stykkje uppetter i bakken.

Ho las um dei norske styresmaktene, at dei no var samde um å sende 80 milliardar kroner te’ kuler og krutt, te’ flymaskinar, droner og kanonar, te’ granatar og manuelle skytevåpen som skal nyttast til å skyte og drepe russarar, skyte ned russarar og øydelegge russarane sitt land. Det var sjølvsagt ikkje formulera på det viset, det var «eit bidrag til trygging av freden», stod det. Det hadde den norske statsministeren sagt, men slik var realitetane, det skulle skytast og bombast, øydeleggast og drepast, og dessa 80 milliardar kroner, det var pengar som ho au hadde gjett inn te’ felleskassa i Noreg, noko i alle fall, dei siste åra. Og detta skulle dei pengane no altså brukast til, pengane ho hadde gjett inn te’ den norske felleskassa. Ho kjende seg skuldig der ho sat – skuldig som ein mordar for det som var i vente. Ho kjende seg skuldig som ein massemordar, idet han for alvor fattar kva han har gjort og korleis dei andre no ser på han, der mengder av lik ligg etter han, ligg strødd ikring. Nokon dauda for mange år sedan, nokon i nærare tid og au nokon nett no. Det finnes slike og no kjende ho seg skuldig som ein slik ein, ikkje berre på Europas vegne, men på heile menneskeslektas vegne, og det ville ikkje ha vøri noko betre um ho hadde valgt å bli i Tyskland, trudde ho, tysk statsborgar som ho jo var blitt. Der nede blei styresmaktene au samde um å sende svære beløp med pengar, mykje meir enn 80 milliardar kroner, te’ drap og øydelegging og atter drap og øydelegging. – Det var krig i Europa!    

                                                                  *

 – Europa er den staden der mangt skal avgjerast, for tusener av år, understreka ho nok ein gong. – Og samstundes kan det likevel vera grunn til å spyrje, endå ein gong: Kva er Europa? Kva er det som går føre seg her, i Europa? Kor hen vil me føre oss sjølve, me som bur her, på detta neset ytst ute mot vest på det gigantiske euro-asiatiske kontinentet? Det er eit spørsmål som berre kan få sitt svar i kraft av kva me sjølve gjer ut av våre liv, me som har søkt oss til Europa. Kva me gjer ut av oss og av dei liva som me liver her, som me på ymse vis liver i lag, kvar einaste ein av oss som liver og som bur her, det vera seg um me bur ikring Svartehavet eller har arbeid i industrien langsmed Rhinen, um dei kjenner vind og sand ifrå Sahara, nede på Kreta, eller um me liver med sno og is ikring oss, store delar av året og gjeter reinsdyr og driv laksefiske lengst mot nord i Skandinavia.

                                                                  *

Idet ho igjen reiste seg, etter at ho hadde streifa igjennom nokre nyheiter på I-pad’en og så hadde lagt den attende i lomma, ja, idet ho reiste seg for å ta fatt på bakkane uppetter mot Varpet, upp te’ Bakkane alders- og sjukeheim, byens avantgardistiske alders- og sjukeheim, då kom ho nok ein gong te’ å kaste eit blikk ned mot Faret og den akuttpsykiatriske avdelinga kor ho stundom au tok nokre vakter.

Det var kome inn ein kar der for ei lita beite sedan. Han var umlag tredve år, kanskje nokon-og-tredve, han kjøyrde drosje um natti, natt-taxi som det heiter, og hadde fått sin fyrste baby med kjærasten. Han var ein sterk og arbeidsam kar, lot det til, men no hadde han vorte aggressiv, kaotisk og tydeleg psykotisk.  

Dei hadde lite pengar, dei to, han og kjærasten, så han hadde fortsatt å arbeide med taxi-kjøyring på natti etter ein stutt pappaperm, men ungen skreik um dagjen, han fekk ikkje søve og fekk ikkje henta seg inn att. Slik hadde det gjenge for seg i veker og månader, og lommeboka krevde sitt av han. Litt etter kvart hadde kjærasten merka att han ikkje meir var heilt seg sjølve. Han gløymde det eine og det andre, stundom kjefta han, ja, kjeftinga tiltok og han synte seg aggressiv iblant. Men det tiltok au stadig hyppigare, og så merkte ho, kjærasten, at han hadde byrja røda um ting som ikkje fantes. Det var ikkje berre skrikinga til ungen som held han vaken, då, etter kvart som han missa taket i seg sjølve, då var det au noko anna som held på med han eller han heldt på med det, der han dreiv ikring inne i heimen dei hadde kjøpt og stelt i stand for seg, svevnlaus, ja, slik dreiv han ikring der inne, kjei og litt etter kvart au noko aggressiv. Fleire gonger hadde han fika te’ kjæringi, noko han aldri hadde gjort før og noko ho såg på som eit uttrykk for att han ikkje meir var til stades som han burde vera, hjå seg sjølve. Han missa kontrollen og blei innlagd.

Og så skulle han få medisinar, då, fleire hundre milligram med Nozinan kvart døger, i nokre veker, sa doktoren.  – Han er svær og sterk denna karen, så han må ha svære doser i nokre veker, sa han, doktoren. 

Ho kjende te’ detta middelet, Sonja, men ho trudde ikkje noko særskild på det. Ho forstod at han trengde te’ svevn, taxigubben, for nokre døger, at han trengde fred og ro, ja, kanskje med noko Nozinan for å kome til ro og få seg eit par, tre netter, men så ville ho berre gjett han mykje god mat, morgon, middag og kveld, og dertil ho ville ha vøri der, vøri nær, au medan dei gjekk lange turar i lag, med barnevogna, både ein og to gonger te’ dagen, upp te’ Jomfrudammen og vidare uppetter gjennom skogen, upp te’ Hvitsteinstjenna, ja, kanskje ende ut te’ Flakvarp og Voldsfjorden, ein årtusengamal fotveg som au har vorte nytta til å trille store robåtar på stokkar, i gamal tid, på små runde stokkar, slik dei gjorde i gamal tid, ifrå Voldsfjorden og yvi te’ Fjærekilen og Nordsjø, når ikkje det lot seg gjera å kome dithen på vattenvegen. Og så kunne dei berre teke bussen attende, dei to, med barnevogna, attende te’ Faret, når dei kom ut att på bilvegen nedpå Flakvarp, etter ein seks, sju kilometer spasertur igjennom skogen, på årtusengamle vegar.

Ja, slik meinte ho Sonja at taxi-gubben skulle ha kunne kome te’ seg på eit sunnare og meir framtidsretta vis. Og eit døger på ei psykiatrisk avdeling i Noreg, det kostar um lag sjutusen kroner eller femtitusen kroner for ei veke. Slik det no såg ut, så ville nok taxi-gubben kome til å vera innlagd i nokre veker, kanskje nokre månader? Sonja tenkte på kva noko av slike svære beløp kunne ha vøri nytta te’ for denna taxi-gubben, ja, um han berre hadde fengje ein liten brøkdel av det han no kosta som pasient, så kunne han nok ha redda så vel seg sjølve som familielivet og skattebetalarane. Men no var det belteseng og Nozinan som gjaldt, på tredje veka.

Ein gong medan ho sat fastvakt og han låg på eit særskilt rom i ei seng kor han var låst fast med belter ikring båe anklar og båe handledd, og au eit svært brystbelte ikring torsoen, då sat ho der og kvilte auga på hans nærverande lekam. Ho sat der stillsam med augo som kvilte nede ved føtene hans, medan han låg mest heilt i ro. Ikkje sa han noko heller, men han hadde nok sett litt på kven det var som sat der og passa på han, no, for plutseleg kom det, stillsamt, nesten litt forsiktig, aktsamt: – Kven e’ du?

Ho såg nok ei lita beite, såg litt lenger enn ho ville ha gjort i ein vanleg situasjon, ho såg ei beite berre på han ut ifrå den fråga ho hadde vorte stilt overfor, der ho sat og han låg fastlåst i senga.  

 – Eg heiter Sonja og arbeider her iblant, sa ho. – Eg e’ fødd og eg e’ vakse upp i Afrika, men nå bur eg her ikring. Og når ikkje eg arbeider her, då arbeider eg uppe på heimen, der uppe kor dei gamle og sjuke er innlagde, sa ho og peika ut og uppetter igjennom glaset i veggen.

– Hmmm, sa han stille og ettertenksamt.

– Ofte gjeng det mindre um kva ein seier, men korleis ein seier det som ein seier, sa ho seg, før ho fortsatte: – Og stundom går eg meg ein tur uppetter skogen, upp te’ Jomfrudammen og dei svære gravrøysene der uppe.

– Åhh, det kunne ha vøri noko, det, sa han stillsamt med eit lite sukk, der han låg.

– Ja, det e’ gode og mjuke fotvegar å fylgje, attmed bekken uppetter der, svara ho. – Og stundom kurrar nokre skogsduer uppe i trea attmed vegen. Dei synger for einannan, der dei sit fredfullt på kvar si grein eller i kvart sitt tre, sånn at dei kan sjå over til einannen, som eit gamalt par.

                                                                  *

Ho hadde lagt biltrafikken bak seg, passera parkeringsplassen på vegen uppetter te’ sjukeheimen, og snart var ho der, ved inngangen, kor ho både var venta og behøvd.  

3
Undring og nye bekjentskap                     

Der kor bakkane upp te’ heimen byrja, der var det ei matbu kor ho Sonja støtt gjekk innom for å taka med seg noko heim når ho var ferdig på arbeid. Men stundom gjekk ho au i andre retninga, dersom ho gjekk heime ifrå våningen som ho budde i, te’ ein svær og staseleg supermarknad attmed den gamle militærforlegninga, der kor Telemarksbataljonen ein gong held til, dit gjekk ho stundom når ho ville ha noko som dei ikkje kunne by på i den vesle bui attmed Bakkane, ja, eller au nokre gonger dersom ho sakna folk. Det var mest som ein svær handelsplass i Afrika detta supermarkedet. Mange var det som tok vegen dit, enkelte gjorde det nok dagleg, med bil sjølvsagt, som dei stelde i ei uppmåla rute på asfalten på utsida det svære bygget.   

Sonja hadde teki timar og bestått, ho hadde køyreløyve, men eigen bil hadde ho ennå ikkje kjøpt seg. Ho hadde spara seg pengar, men ho lika å gå, lika det særs godt, og stundom sykla ho. Ho hadde ein god sykkel, men mest vart det til at ho nytta apostlanes hestar. Om ho hadde ein tur på fem, seks kilometer framum seg, for å kome seg heimatt, og ho hadde tida for seg, ja, då kosa ho seg under vegs. Ho lika å gå som knapt nokon annan.

Ein dag der burte på den gjeve supermarknaden, kor ho kunne sjå ned til fjorden og au yvi te’ Bøleberget på den andre sida av åi og fjordvatnet, då vart ho stannande i ein lang kø av folk framum kassa. Og medan ho stod der med trillevagna og matvarene, då kom ho i prat med ein kar. Einar het han og var blekkslagar. Han gjekk mot pensjonsalder, forstod ho, men ein hyggeleg kar var han, der han snart lo og prata i lag med ho, ho som stundom kjende seg noko einsam.   

Einar budde nedmed fjorden. Der hadde han eit svært hus som han hadde arva etter foreldra sine. Og bakum huset, innved vatnet, der hadde han brygge og båt, to båtar, ein liten pram til å ro og ein noko større motorbåt, ei velhalden, gamal tresjekte. Det lukta fisk der, og ho Sonja såg nokre avkappa fiskehovud som låg i grusen nedved vatnet. Han lika å fiske, forstod ho. Det var to våningar i huset, ein i fyrste og ein i andre etasje. Einar budde i fyrste etasje og der hadde han au verkstaden sin attmed våningen, men i andre etasje stod det tomt. Det var nokre år sedan sist det budde nokon der, fortalde han ein gong ho var der og vitja han. Framum huset hadde han ein åker med jordeple, snaue to mål. 

Sonja vitja han Einar fleire gonger og dei vart kjende med einannen. Ein sundag då ho ikkje skulle te’ arbeid, spurte Einar om ikkje Sonja ville vera med på ein tur utetter fjorden. – Og kanskje kan me då au råkast å få eit napp eller to ute i Langesund. Det går mykje stor og fin fisk der, sa han.

Så blei det slik. Sonja blei med på fisketur. Det var fyrste gongen i heile hennar liv at ho var ute i båt på det viset, og sanneleg drog ho ikkje to svære torskar, au, medan dei låg der i sundet og dorgja.

Sonja blei rett uppvekt av alt detta som han Einar førde ho inn i og snart budde ho i andre etasje i huset hans. Husleige ville han ikkje ha, men elektrisiteten fekk ho teikne eige abonnement på og betale sjølv. No hadde ho tolv, tretten minuttars sykkeltur burt og upp te’ alders- og sjukeheimen, og au te’ akuttavdelinga, og ho var godt nøgd med det.

Stundom åt dei middag i lag, dei to, og stundom tok han Einar ho Sonja med på turar, slik at ho blei enda betre kjende der ikring. Han lika å fortelje medan dei fòr ikring med bilen hans. Og så høyrde dei ein annen, der inne i huset, og røda i lag eit minutt eller to, um dei treftest på trappa i blant, men ellers var dei ikkje noko tettare på einannen. Sonja var nøgd. Ho trivdest slik. Og han Einar såg ho stadig med roser i kinna og ein liten smil um lippene.

Ein dag trilla ho sykkelen attmed seg, medan ho gjekk langsamt gjennom skogen, forbi ein gamal kyrkjegard og eit kapell der attmed, nei, dei er ikkje så gamle, kyrkjegarden og kapellet, um lag hundre år, berre, likevel ligg det mange der, no, ja, der gjekk ho langsamt attmed sykkelen sin ein ettermiddag då ho var på veg heim ifrå arbeidet. Nok ein gamling hadde tatt kvelden der på heimen. Ho gjekk og tenkte og grunda. No var ho i Europa. Ho var på europeisk grunn, men ho spurte seg samstundes: – Er detta Europa? Er det slik europearane vil ha det? Dei drep folk med medisinar her. Og på skulane her i Europa, dei som studerar medisin og sjukepleie til dømes, ved universiteta her i Noreg og i andre land her ikring, kva lærer dei der? Kva er det dei der lærer å uppfatte at eit menneskje er?   

– Er detta Europa? 

Då ho hadde kyrkjegarden attum seg, satte ho seg på sykkelen sin igjen.             

Ho maka seg ein rett så smakfull og velgjerande middag den ettermiddagen. To svære torskestykkje blei trekte. Det blei kokt potet, og ho hadde salt og smør i skåpet. Ho åt langsamt før ho au satte ein stor porsjon med norske bær og vaniljesaus te’ livs, og så blei ho liggande på sofaen og døse og tenke utetter den eftan medan ho au såg på måsane, såg ut gjennom stoveglaset, der måsane sigla ikring høgt yvi vatnet, før den eine og den andre enkelte gonger stupte ned mot fjorden og åi, på ein særskild plass noko nærare byen.    

Ho tok til å tenke der ho låg, tenke på detta som ho spurde seg um då ho trilla sykkelen attmed seg etter endt arbeidsdag, då ho gjekk igjennom Klosterskogen og passera den fine og stillsame kyrkjegarden:

– Kva er det dei lærer å uppfatte at eit menneskje er, medisinstudentane og sjukepleiarane? Kva er eit menneskje for dei som no bur her, i Europa?

Ho såg au uppetter mot biblioteket der inne i byen, medan ho låg på sofaen heime i stova si. Biblioteket låg uppe på ei høgde der, au ein gamal kyrkjegard, men denne kyrkjegarden låg på ein gamal kultplass, ein urgamal kultplass ifrå den tidi då dei røda med forfedrane medan det var høgtid og det skulle feirast. Då var det ikkje ein kyrkjegard, men ein festplass der, ein festplass med utsyn så vel utetter fjorden som upp imot Varpet, ein plass kor dei au song, spelte og dansa attmed forfedrane sine, eller dei song, spela og dansa for forfedrane, sånn at dei kunne einast med dei, um ikkje anna så i alle fall for ei lita beite. Dei låg der på festplassen, under svære steinhaugar, forfedrane. Slik hadde dei det framleis i Afrika, i EDO-kulturens hjarte i Benin City. I kristeleg tid var desse minnene, desse gamle gravrøysene der uppe på høgdi, kor biblioteket no låg, desse haugane, dei som vakte minner um den eine og den annen av dei stolte og vidgjetne forfedrane, ja, i kristeleg tid, som det heiter, då klosterfedrane var komne te’ makt, då var dei blitt fjerna, haugane og restane etter dei gamle og vidgjetne. No var minnesmerka ifrå den tidi då dei daude var kjeldene te’ kunnskap, no var dei minnene fjerna. Og no, no var det bøkar som gjaldt, biblioteket, kor ein au kunne låne seg plass framum ein computar med internett-tilgong!

Ho var der iblant, og ein av dei næraste dagane ville ho ta seg ein ny tur. Ho ville finne svar på detta som ho spurte seg um. Ho ville gje seg sjølve klårleik i desse frågene, kva er eit menneskje og kva lærer dei å forstå, lækjarane og sjukepleiarane, når dei studerar?

                                                                *

Ho fann god hjelp der inne. Ho fann ein bibliotekar og han var ikkje ein gong norsk. Han var ifrå Danmark, men han hadde budd der i byen og arbeidd på biblioteket der i mange år. Han såg litt på ho og undra seg nok noko då ho kom burt til han og fråga som ho gjorde. Det var nok ikkje kvar dag det kom svarte kvinnfolk og spurde um slikt. Nei, og ikkje kvite heller, men han forstod kva ho søkte svar på. Venleg var han, men skarp i hugen merkte ho straks au at han var. Ho såg det i augo hans, høyrde noko i røysta og ikkje minst merkte ho det på korleis han rørde på seg og au korleis han rørde med røysta si, då ho hadde fortalt noko om sitt syn på Europa og dernest hald detta synet upp mot dei røynslene ho hadde gjort den siste tidi i det helsefagleglege arbeidslivet.

– Fyrst må du sette deg ørlite inn i vitskapshistorie, sa han då. – Du bør ikkje gå i detalj, men eit par sider med tekst må du sete deg inn i og la seg opne for deg.

Ho lyste upp. Ho lika jo å lese, no, og aldri hadde ho hatt ein riktig lærar i slikt som ho no spurde um.

– Fyrst må du lære deg å sondera millom mytos og logos, som det heiter seg, sa han og såg burtetter mot ei særskild bokhylle. Han tok ho med dit burt 

– Ei skildring av den sonderingji har du her, sa han, og tok fram ei bok av ein norsk filosofihistorikar som no var daud. – Og så må du au lese eit par linjer som seier deg kva renessansen var. Og det har du her, sa han au, og peika nok ein gong inn i bokji, medan han la ein liten papirlapp der. – Deretter må du au få tak i kva upplysingji var for noko nytt. Og her har du eit par sider um det. Nok ein gong peika han inn i same bokji og la ein lapp der. – Og så, når du lærer å forstå kva begrepet positivisme tyder, då, ja då nærmar du deg detta som no gjer seg gjeldande i den vestlege verda.

– Takk, sa ho og trykte bokji inn mot seg, der ho stod, då den danske bibliotekaren hadde gjett ho den filosofi- og vitskapshistoriske bokji.

– Men du må kome attende i morgon eller når du har lest ferdig, sa han. – Då skal me gå inn i det 20. århundret og det paradigmet som då festa seg. Te’ det skal eg finne fram noko meir som du kan sjå på i morgon eller når du kjem attende. 

– Takk, sa ho nok ein gong, smilande og stornøgd, samstundes som ho gjekk burt te’ låneskranken med den eine bokji i handa, den som det no var lagt nokre merkelappar inn i. 

4
Student                                                    

Ifrå Nigeria kjende ho mafiaen. Ho kjende fleire mafiagrupper. Dei kontrollera mykje, samstundes som dei gjorde store pengar på menneskjesmugling, narkoumsetjing og prostitusjon. Drap og avliving høyrde med til kvardagen der, men at det au hadde vorte slik i Europa og i den vestlege verda, at det var mafiakarteller i Amerika og Europa som kontrollera kva som skulle vera gyldig kunnskap, gyldig vitskap og rett forståing av kva eit menneskje er, at det var ein farmasøytisk industri styrt av ein mafia som au styrte medisinstudentane sine pensumbøkar, kva som skulle vera pensum, og då au like eins sjukepleiarstudentane sine pensumbøkar, det hadde ho ikkje trudd. Materialismens mafiakartellar hadde vorte det nye presteskapet i Europa og den vestlege verda, slik ho no såg det, etter at ho hadde studera ei beite, på grunnlag av dei observasjonane ho sjølv hadde gjort i eigne arbeidskvardagar.

– No te’ dags må altså forskarane betale for å publisera forskingsartiklane sine, og skulle dei verkeleg bli akta og samstundes gje fagleg uppgradering, så måtte slike artiklar og resultat av undersøkingar kun publiserast i amerikanske fag- og forskingstidsskrift. Og desse fag- og forskingstidsskrifta hadde redaksjonar kor dei redaksjonelle føringane var lagt av mafiose strategar som var knytt til særskilte vitskapeleg betinga industriar, ikkje minst den farmasøytiske industrien, og desse har sjølvsagt marknadsdominans og økonomiske vinningsmotiv for auget. Og sjeldan eller aldri kom det fram frie forskingsuppdrag, ikkje no lenger, så langt ho hadde registrera i sine undersøkingar og studiar.

Forskinga blir au styrt av ein økonomisk sterk mafia. Den hadde sine særskilde interessar, forstod ho. Det handla um korleis Europa og den vestlege verda skal verta. Korleis menneskja ska tenke og ikkje tenke! 

Skal det gje seg ein kultur kor menneskja og deira samspel med dei andre menneskja og med naturen skal kome i sentrum, uppsummera ho spyrjande, eller skal det forbli eit samfunn med ein kultur der ein ser på så vel naturen som dei andre menneskja som kjelder te’ utbytte og vinning, te’ maktposisjonering og gevinst?

Tøff var ho, men ho kjende seg noko sår i kjensler og hjarte, der ho stod … eller sat, no etter desse undersøkingane og detta studiet.

– Russland kjenner eg ikkje så godt enno, ikkje dagens Russland, men det demrar for meg at det gjeng fyre seg ein maktkamp. Kven sin kultur, kven sitt syn på mennskjet skal kome te’ å verta dominerande på vegen inn i framtida? Skal det verta Amerika sitt eller kan det verta Russland sitt? Det er ein religionskrig i den vestlege verda, ein krig kor det kjempast om kva slags verdiar som skal vera framherskande for land og samfunn i Europa og i den vestlege verda for dei komande generasjonar, dei komande århundrar. Skal det verta ein kultur og eit samfunn kor pengar og makt står i sentrum, eller vil vi søke ein kultur kor menneskets gledesfylde samspel med dei andre menneskja og med naturen står i sentrum?   

5                    
«Jordbruk»

Ho hadde ikkje så mange pengar, men eitt hadde ho no forstått: Skal du gjera noko, skal du få te’ noko i detta samfunnet, så behøver du pengar. Du må ha gode idear, gode vener og kollegaer, men te’ sist så trengs det au pengar.

Ho hadde gått ei beite og sett på eit gamalt bedehus burte i vegen. Det blei ikkje nytta noko meir. Det berre stod der, tomt, bedehuset. Vedovnen og benkeradene stod der inne framleis, og tømmerveggane, ja, for det hadde først vorte reist i tømmer, detta bygget, og så hadde det sedan vorte kledd med panel og måla kvitt, ei farge som hadde falma noko og dels hadde målinga vorte turr og flassa av ifrå veggane nokre stader, dei siste åra.     

Han Milde Jesus hadde utspela si rolle, der, meinte ho, men huset han hadde etterlatt, det kunne kanskje nyttast? Det trengast ein plass kor menneskja kan møtast, kor ungane på danseskulen inne i byen kan kome og syne fram kva dei kan og då verta te’ objekt for gledesfylte upplevingar og deltaking gjennom sansing og kjensler frå ei som budde der ikring attmed fjorden og åi. Ho visste at det var fleire der ikring som spela på gitar, som song litt iblant, og dertil trudde ho au at det var nokon der ikring som kunne klunke litt på eit piano. Dei kunne kome i lag og gjera trivelege kveldar i saman. Ho kunne fyre på ovnen og se til at alt gjekk ordentleg for seg. Vener og kjente kunne au kome te’. Nye venskap kunne taka te’. Og mykje kunne diskuterast, om det til dømes kunne vera rom for eit par senger med urter attmed apaltrea burtetter. Velgjerande og smakfulle urter som det ikkje er for mykje av i Noreg, som då måtte dyrkast fram og kanskje au turkast? Og eit kjøleskap var det plass til nede i kjellaren, i bedehuset, kor ungdomane kunne legge att noko av fisken sin, um dei så ville, når nokre vaksne hadde teke dei med på fisketur, utetter fjorden. Kanskje kan det au verta te’ ei lita salgsbod, iblant, tenkte ho.  

Ikkje langt derifrå låg det ein gamal apalhage. Den høyrde te’ ein rett så gamal kar, og ho hadde høyrd av han Einar, at denne gamle gubben ikkje hadde noko slekt eller arvingar te’ å taka yvi drifta av denne apalhagen. Han kunne vera noko bøs iblant, denne gubben, og han budde berre tri hus burtetter, han au heilt nede attmed vatnet. Ho ville ta ein prat med han, ein av dagane, hadde ho bestemd seg for. Og like eins ein prat med dei folka i menigheita som eigde bedehuset. Dei hadde bygd nytt og stort møtelokale i raudbrun teglstein burte ved Bakkane. Men fyrst ville ho gå til banken og røda med dei, der. Kva ville dei kunne støtte ho med? Ei gamal tresjekte med god motor ville ho au kjøpe, legge ho nede ved den kommunale bryggeplassen og finne nokre drevne karar, slike som han Einar, til å ta med seg ungdommar på styr utetter fjorden, slik som han Einar hadde gjort med ho. Då lærte ho fjorden og skjærgården å kjenne, og detta gjorde et mektig inntrykk på ho. Dertil hadde ho fått fisk som ho kunne ete. Ho såg ungdom som ikkje trivdest, burtetter, der i bydelen. Mange av dei høyrde te’ innvandra familiar.

Bil ville ho ikkje trenge med det fyrste. Så ho hadde nokre titusen på bilkontoen sin. Dei nytta ho til å registrere eit firma, eit AS som fekk namnet «Jordbruk». Det er livets meining, sa ho seg, og så gjekk ho til banken, inne i sentrum, kor ho hadde fått te’ ei avtale, og denne avtala var viktig for ho. Den trudde ho på og tenkte mindre på at ho ikkje hadde fast stilling og sikkert innkome. Ho tenkte meir på kva slags pengar det der ville bli røda um. Gåvepengar trudde ho ikkje på at dei ville gje ho ifrå banken, men kor høge renter ville dei krevje?  

Torggata Blad er et kompromissløst uavhengig blad og nettmagasin – en humoristisk, systemkritisk og informativ utgivelse som sparker til venstre og høyre, oppover og nedover og midt i balla.

Pr. 2024 er Torggata Blad et forum for en fargerik forsamling av bidragsytere med varierende interesser og orientering. Det er en rar og forhåpentligvis skjærende stemme i koret av norske magasinutgivelser.

Torggata Blad ble grunnlagt i 2007 av
Bror Wyller (forfatter og lege)

Torggata Blad er støttet av: