Me har gått oss vilse på supermarknaden

Fylt med gode intensjonar, populærkulturelle referansar og politisk korrektheit inviterar Staten oss på forbruksseminaret «Lost in the supermarked». Miljøverndepartementet sitt byøkologiske alibi, Framtidens Byer, har sett av ein heil dag på Litteraturhuset med spanande og mindre spanande føredrag om den openbare samanheng mellom forbruk og klimakrise. Sjølv om dette seier seg sjølv, syns eg temaet er ganske spenstig. Det er fordi den raudgrøne regjeringa legg til rette for forbruksvekst og auka klimagassutslepp gjennom ein deregulert bustadsmarknad, full bornehagedeknad, arbeidslinja og nærast alt anna dei driv med.

Me skal tena oss rike på å investera i bustad, skunde oss å bli ferdige med foreldrepermisjonen, tilbake til jobb for å tena meir, bidra til auka BNP, sitje på med SAS som heldigvis vart redda, ete lavkarbo (kan nokon skyte dei jævla LCHC-bloggarane?), vaksinere borna slik at vi ikkje får so mange sjukedagar, reise til Sverige og kjøpe billege grisar, gå på Gina Tricot (ikkje HM, dei er verstingen, so dei boikottar vi sjølvsagt litt), shoppe meir, tene meir, kose oss masse!!!!!!!:=) <3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3.

So difor tykkjer eg det er spenstig av nokon i dette departementet å påpeike elefanten i rommet.

Jørgen Randers

Nokre av foredraga er interessante. Jørgen Randers er professor på bi. Han er ein særs klok og særs pessimistisk mann. Han har mista trua. Men han tykkjer det er triveleg å preike litt med folk, og det er triveleg å høyre på han, so han stiller opp og fortel oss kor enkelt det er å stogge klimakrisa. Ta to prosent av dei sysselsette i skitne næringar og flytt dei over i grøne næringar. Legg ned arbeidsplassar på bilfabrikkane, skap arbeidsplassar på elbilfabrikkar. Slutt å jobbe på oljeplattform, byrje å jobbe med vindmøller. Og røyst på eit parti som vil auke miljøskattane. Viss vi alle betalar eit par tusen i året i miljøskatt, kan vi stogge klimagassutsleppa og hindre at isbjørnane druknar og at ekvatorianarane druknar i sand. Aller helst ynskjer han seg eit tidsbegrensa diktatorisk teknokrati som kan tvingje Noreg (og dermed også resten av planeten, fordi alle likar oss og vil vere som oss) på rett kjøl. Og eittbornspolitikk.
Men sjølv om han har løysingane, trur han altså ikkje på dei sjølv. Godaste Randers har teke med seg sin yngre kollega Per Espen Stoknes på seminaret. Nesten like klok, men enno ikkje like pessimistisk.

Han er psykolog, og jobbar med klimastrategi på bi, han også. Han forklarar oss kvifor vi ikkje gjer noko med klimakrisa sjølv om vi veit at undergangen er nær og at borneborna våre får eit helvete. Terroråtak og grusomme ulukker set hormonane dine i sving. Varselslampa går, adrenalinet pumpar, du går over på autopilot, handlar raskt og er løysingsorientert. Overlevingsinstinktet ditt er til stor hjelp i slike situasjonar. Men den snikande og usexy klimakrisa som skal kome om tjue femti sytti ein del år, den vekkjer ikkje dei same instinkta. Den vekkjer faktisk ingen instinkt. Heller ikkje kjensler. Det at borneborna mine får eit helvete, vel; kanskje eg ikkje eingong får borneborn. Eller kanskje eg ikkje kjem til å like dei. Det får uansett vera deira problem.

Etter at pessimistane har sagt sitt, går resten av dagen med til koseprat om bytte-ringar og gjenbruk, og ein småby på sørlandet som har blitt klimanøytral.

I pausa høyrer eg noko. Eg må omskrive det litt. Ein forskar har søkt ein offentleg institusjon om midlar for å forske på ymse forbrukarar. Han vil samanlikne forbruket til ein gjennomsnittleg byborgar med forbruket til ein økologisk nerd. Ein representant frå den offentlege institusjonen er til stades, og dei diskuterar søknaden. Nei, det blir vanskeleg å innvilgje den. Du skjønar, me vil nødig hengje ut den gjennomsnittlege byborgaren dersom det viser seg at han andre duden har eit lågare forbruk.

 

Eg går før dagen er omme. Tenkjer at eg eigentleg berre kan byrje å ete kjøt igjen, droppe det sjølvpålagte og politisk korrekte flyforbodet mitt, få enno fleire ungar og so bortetter. For som klimaprofessoren sa, det går ad dundas uansett.
Og viss ikkje eg døyr ein brå og uventa død, so kan eg bli kristen på dødsleiet mitt, og be Gud og Jesus om å tilgje meg for mine klimasynder.

WW 2013

 

Torggata Blad er et kompromissløst uavhengig blad og nettmagasin – en humoristisk, systemkritisk og informativ utgivelse som sparker til venstre og høyre, oppover og nedover og midt i balla.

Pr. 2023 er Torggata Blad et forum for en fargerik forsamling av bidragsytere med varierende interesser og orientering. Det er en rar og forhåpentligvis skjærende stemme i koret av norske magasinutgivelser.

Torggata Blad ble grunnlagt i 2007 av
Bror Wyller (forfatter og lege)

Torggata Blad er støttet av: