Under the ruins, the beach!

Metahistorier

Av dei nyare utanlandske forfattarskapa som ikkje er omsette til norsk, så er kanskje romanane til det italienske forfattarkollektivet Wu Ming den mest slåande utelatinga.

Når dei utvikla prosjektet sitt på 1990-talet, var målet deira å bruke internettet og andre nye media til å få inn litt konflikt og radikalitet i kulturindustrien. Det er også eit kulturpolitisk poeng at alle bøkene deira er trykt på det vilkåret at dei kan kopierast av alle og spreiast for personleg bruk.

Tekst Roar Høstaker

Wu Ming («namnlaus» på kinesisk) har sidan slutten av 1990-talet(1) skrive meta-historiske romanar om dei radikale protestantane på 1500-talet, krigen mellom Den heilage ligaen og Det ottomanske riket,(2) konflikten mellom indianarar og europearar i Nord-Amerika på 1780-talet,(3) den franske revolusjonen(4) og korleis italienske motstandsfolk opplevde normaliteten som danna seg på 1950-talet.(5) Romanane er «meta-historiske» ved at dei speglar den historiske perioden dei blei skrivne i. Bestseljaren Q frå 1999 reflekterer den italienske venstresidas oppsving og nederlag i perioden 1970–1990, medan oppfølgjaren Altai (2009) speglar den notidige konflikten mellom aust og vest innleia av invasjonane av Afghanistan og Irak. Wu Mings engasjement med historia er ikkje av rein museumsaktig interesse, men som ein ressurs for å førestille seg alternative framtider for oss i vår tid. Ved å gå attende i historia kan ein vise til situasjonar der andre framtider var moglege.

Gruppa, som opphavleg utgjorde fire, så fem og no tre, er ikkje hemmeleg på nokon måte, men dei vil ikkje inngå i massemedias kjendiseri og dyrking av forfattargeniet. Difor let dei seg ikkje avbilde. Samtidig er dei ikkje tilbaketrekte frå medieverda, men opptrer i offentlege debattar om litteratur og politikk som Wu Ming 1 (Roberto Bui), Wu Ming 2 (Giovanni Cattabriga) og Wu Ming 4 (Fedrico Guglielmi) – men ikkje på fjernsyn. Dei hevdar sjølv å ha turnert i mange år på eit nivå som kan samanliknast med rockegruppa The Grateful Dead. Dei driv også sin eigen politiske blogg som er mykje lesen.

Litterært sett står gruppa for ei orientering der forteljing er det sentrale. Ja, det er politisk og etisk naudsynt for forfattarane å fortelje forteljingar. Dette omtalar Wu Ming 1 i ei rekke føredrag som ein «ny italiensk epikk» som ikkje er ei litterær rørsle, men snarare ei «sky» (nebula) av ulike forfattarar.(6) Denne retninga avgrensar seg frå litterær postmodernisme, som også kan vere forteljande, men som ymtar om at det ein gjer er å leike seg med sjangerkonvensjonar. Eit eksempel kan vere «Rosens navn» (1980) av Umberto Eco som er ein detektiv-historie plassert i eit kloster i mellomalderen. I forordet hevdar Eco at han hadde kome over manuskriptet i ei fransk bok frå 1840-talet, og som han så sette seg ned for å omsetje til italiensk. Boka kom bort for han, og etterpå hadde han vanskar med å finne referansar til denne boka, men opplysningane i henne fann han att her og der i ulike arkiv osb. Når Eco blei spurd om kvifor han skreiv denne boka, så sa han at han hadde lyst til å ta livet av nokre munkar. Denne leikande haldninga er sjølvsagt sjarmerande, men står langt frå den nye episke retninga, sjølv om Ecos bok braut med den rådande stilen i italiensk litteratur i tiåra før som var anti-narrativ.

Det episke er litteratur som omtalar dei store hendingane og dei lagnadstunge tema om liv og død. Samtidig er det ikkje snakk om ei tilbakevending til realismen hjå Wu Ming, men snarare om ein subversjon av dei rådande forteljingsformene. Eit viktig element er det dei omtalar som «det uidentifiserte narrative objektet» (UNO). UNO er ei vending i forteljinga der det subjektive og det faktiske blir blanda saman og den observante lesaren vil stusse på kva som eigentleg skjer. Det er ikkje ein leiken subjektivitet som i Hunter S. Thompsons «gonzo-journalistikk», men noko merkeleg som skjer som bryt med realismen, men likevel ikkje med alvoret. Wu Ming 1 har samanlikna UNO med robotforskaren Masahiro Moris omgrep om «uhyggedalen» (the uncanny valley)(7) som skildrar korleis måten vi menneske reagerer på noko menneskeliknande, men som ikkje er menneskeliknande nok. Når robotar byrjar å nærme seg menneskeleg oppførsel, så vil vi reagere med ein viss uhygge inntil dei er like nok til at vi aksepterer dei som menneskelege. Den same uhygga eller utryggleiken kan ein oppleve med UNO og eg kan gje eit døme frå den siste Wu Ming-boka eg har lese: Morgonstjerna skriven av Wu Ming 4.(8)

Denne boka tar som utgangspunkt at fire britiske forfattarar var tilstades i Oxford frå haustparten 1919 til og med hausten 1920: T.E. Lawrence (Lawrence of Arabia), Robert Graves, C.S. Lewis og J.R.R. Tolkien. Lawrence forsøker å skrive om sine erfaringar frå krigen mot tyrkarane i Arabia, men har skrivesperre. Lawrence og britisk etterretning fekk dei arabiske klanane til å gjere opprør mot at dei skulle få sjølvstende. I realiteten delte britane og franskmennene områda mellom seg, og dette såg Lawrence som eit svik mot sine arabiske vener. Forteljinga i boka har mange tilbakeblikk til krigen i denne regionen, og vi er igjen i ein form for parallellitet til den tida boka blei skriven i: Invasjonen av Irak og vestmaktene som aldri kan la denne regionen vere i fred.

Det som drar inn lesarens undring om kva det er som eigentleg går føre seg, er den plassen dei andre hovudpersonane har. Robert Graves var ein kjend krigspoet og seinare kritikar av første verdskrigen (og mest kjend i Noreg for romanen Jeg, Claudius (på norsk i 1936) og som fjernsynsserie i 1976). I denne tida forsøkte han å gjere ferdig studiane sine og kombinere det med familieliv. C.S. Lewis er ung student frå Irland og den noko eldre Tolkien arbeider for Oxford English Dictionary og skriv ordboksdefinisjonar for ord med bakgrunn i norrønt og gamal-engelsk. Snart dreg han til Leeds for å undervise i filologi. Alle var dei traumatiserte av krigen, og boka viser ulike måtar dei fire hovudpersonane forsøker å takle dette på. Lewis tar over ansvaret for familien til ein fallen kamerat, men skjuler det for sine medstudentar. Han er enno ateist og har på dette tidspunktet ikkje møtt Tolkien (som seinare blei ein god ven). Graves inngår eit venskap med Lawrence, medan Tolkien møter Lawrence ganske overflatisk på Ashmolean muséet der Lawrence arbeider. Tolkien går ofte innom muséet like før stengetid for å beundre to anglosaksiske ringar.

Kva har så alt dette med kvarandre å gjere? Dei personlege historiene er veldig laust samanstilte, og det er lite dei har felles anna enn at dei kjem frå ulike britiske elitar og har, som veldig mange andre i denne tida, store traume etter å ha vore offiserar i verdskrigen. Det er denne lause samanstillinga av personlege historier i eit veldig kort tidsrom i ein universitetsby som er bokas UNO. For å få denne delen av boka til å henge i hop må forfattaren gjere nokre kunstgrep som er lite sannsynlege. Og kva tyder eigentleg samanstillinga av Tolkiens anglosaksiske myter med Lawrences dramatiske liv? Tittelen til boka er henta frå ei forteljing av Tolkien, og morgonstjerna (planeten Venus) har vorte brukt til å navigere etter i uminnelege tider. Men det synest som om det er det å fortelje forteljingar som er bokas eiga leiestjerne. Alle personane endar opp med å lækje såra sine gjennom forteljingar anten det no er Legenden om Narnia, Ringenes herre, Visdommens syv søyler eller Graves’ historiske romanar. Ein kommentar som Wu Ming-kollektivet ofte får er at forteljingane deira nettopp er om nederlag. Nederlaget i Morgonstjerna er først og fremst krigen sjølv og dei menneskelege lidingane han fører med seg. Ei forteljing kan gjere det lettare å leve med eit nederlag.

Eit liknande nederlag finn ein i den første boka deira, som har tittelen Q, der bokas hovudperson over ein 30-års periode forsøker å unngå å bli offer for inkvisisjonens spion som nettopp kallar seg Q. Dette gjer boka til ein forrykande thriller, men av og til tar det verkelege livet igjen fiksjonen: For i 2017 dukka det opp ein nettprofil i USA som kalla seg Q eller QAnon. Han hevda han hadde tilgang til topp-hemmeleg kunnskap om den «djupe staten» som styrer verda og om leiinga i Det demokratiske partiet som både er pedofile og driv med satanistiske ritual m.m. På same vis som Wu Mings Q, så er QAnon ein etterretningsagent, men han har i staden vorte ein varslar om dei vonde konspirasjonane som lurer alle stader. Dette har fått Wu Ming 1 til å skrive ein slags litterær-politisk analyse av konspirasjonane knytt til QAnon i den nyaste boka frå forfattargruppa: Q som i qonspirasjon.(9) QAnon oppmoda alle om å «gjere sine eigne undersøkingar» og det har gjort at alle leita etter kryptiske teikn på nye skumle trekk frå «skyggeregjeringa». QAnon skapte rett og slett eit realitetsspel i form av kollektiv tekst-tolking. Dataspelet har flytta seg ut i samfunnet.(10) Desperasjonen som ligg under QAnon og liknande konspirasjonsteoriar viser mangelen på kollektiv framtid i vår tid og peikar på aktualiteten til Wu Mings prosjekt.

Noter

1) Q under forfattarnamnet Luther Blissett. Luther Blisset Project var eit større kunstprosjekt på 1990-talet der kven som helst kunne bruke dette «forfattarnamnet». Boka blei publisert på italiensk i 1999 og er omsett til 18 språk, mellom anna dansk.
2) Altai på italiensk i 2009 og på engelsk i 2014.
3) Manituana på italiensk i 2007 og på engelsk i 2009.
4) Hæren av søvngjengarar, på italiensk i 2014 og på tysk i 2020.
5) 54 på italiensk i 2002 og på engelsk i 2005.
6) Eit føredrag på engelsk kan ein finne her: https://www.wumingfoundation.com/english/outtakes/NIE_have_to_be_the_parents.htm
7) Masahiro Mori (2012 [1972]) The Uncanny Valley, IEEE Robotics and Automation Magazine, 6. June 2012.
8) På italiensk i 2008, på fransk 2012 og på engelsk til gratis nedlasting her: https://www.wumingfoundation.com/giap/morning-star/
9) På italiensk i 2021 som La Q di complotto.
10) Ein podkast på engelsk med Wu Ming 1 om denne boka kan du finne her: https://archive.org/details/the-q-in-qonspiracy-disruptive-fridays-12march-2021

Torggata Blad er et kompromissløst uavhengig blad og nettmagasin – en humoristisk, systemkritisk og informativ utgivelse som sparker til venstre og høyre, oppover og nedover og midt i balla.

Pr. 2024 er Torggata Blad et forum for en fargerik forsamling av bidragsytere med varierende interesser og orientering. Det er en rar og forhåpentligvis skjærende stemme i koret av norske magasinutgivelser.

Torggata Blad ble grunnlagt i 2007 av
Bror Wyller (forfatter og lege)

Torggata Blad er støttet av: